Fru Aarviks vesle bakeri og kjøkkenhage
  • HEIME
  • NETTBUTIKK
    • ØKOBAKERI
      • Bakst
      • Sjokolade
      • Nøtter
      • Kurs
        • Arrangementer
    • KJØKENHAGE
  • OM OSS
  • KONTAKT
  • NYHENDE
  • Menu
  • 0Shopping Cart
  • Facebook
  • Instagram
  • HEIME
  • NETTBUTIKK
    • ØKOBAKERI
      • Bakst
      • Sjokolade
      • Nøtter
      • Kurs
        • Arrangementer
    • KJØKENHAGE
  • OM OSS
  • KONTAKT
  • NYHENDE

FRU AARVIKS VESLE BAKERI & KJØKENHAGE

Hjarteleg velkomne inn i vårt vesle og koslege bakeri, og kjenn på den herlege dufta av nybakte brød. Me har ope kvar laurdag frå kl. 10.00 til 14.00

FRU AARVIKS VESLE BAKERI & KJØKENHAGE

Hjarteleg velkomne inn i vårt vesle og koslege bakeri, og kjenn på den herlege dufta av nybakte brød. Me har ope kvar laurdag frå kl. 10.00 til 14.00

fruaarvik

Her kan du følge med på Fru Aarvik sine små og store påfunn i både kjøkenhage og bakeri.

Fru Aarvik
Det er eit nytt grovt havrebrød på gong etter yn Det er eit nytt grovt havrebrød på gong etter ynskje frå ein av mine gode kundar 😍 No har eg fått testa det eit par gongar, men eg er ikkje heilt nøgd med smaken enda. Brødet består av malt svarthavre og bløytlagde klemte speltflak frå @mylnavolda , sammalt bygg, sikta landkveite frå @hollimolle .Eg brukte 400g vatn på 500g mjøl og totalt 5,5t fermentering i romtemperatur og deretter 18t i kjøleskapet. Brødet blir jo sjølvsagt meir kompakt når eg brukar så mykje havre, men pga eit høgt væskeinnhald blir det saftig og godt haldbart i eit par dagar. Det kan hende eg også vil ha gulrot og havremarv i brødet, eg skal iallfall testa det ut med eit par andre ingrediensar også for å sjå. Brødet er mørkt og grovt, og grunna svarthavren + bygget er dette eit supersunt brød ❤ Bakeriet er ope som vanlig på laurdag og det blir eit rikt utval av brød og søtbakst! Pluss smaksprøve på grove urkorn-scones 😊
Hjarteleg velkomne!
Beste helsing Fru Aarvik 
#surdeig #surdeigsbrød #urkorn #kortreistmat #nytnorge #bærekraftigmat #bakst #hjemmebakt #økologisk #ektebrød #suntoggodt #norway2day #sunnmat #baldersheim #aarvikgard #norskeråvarer #sourdough #fermentert #sourdoughbread #artisanbread #godmat #slowfood #realbread #langtidshevet #bjørnafjorden #renmat #matmedidentitet
I dag hadde eg ein kjekk leveranse til ein bedrift I dag hadde eg ein kjekk leveranse til ein bedrift her i nærheten 😄 Ein lett blanding med ulike typar bollar og knutar. Eg fekk ein veldig kjekk tilbakemelding frå gjengen om at dei storkoste seg på jobb i dag med digg bakst (på bildet er det rett før dei går i omnen) 🌞 Deigen laga eg med den nye kjøkenmaskinen, Wilfa #probaker som eg skal bruke til smådeigar og det gjekk jo kjempebra! Eg vart veldig nøgd med resultatet!
.
Ein ting ein ofte gløymer når ein kjøper inn nytt utstyr er jo at det skal vaskast ein rekke gongar 😅 og eg må jo sei at eg vart litt overraska over at deigen slapp bollen så lett og at det lille som var igjen av deigrestar i bollen og på eltekroken var utruleg lett å vaske bort! Då er det jo ikkje så ille å ta oppvasken etterpå, men når det er sagt så har eg jo ein drøss med hevekassar og anna utstyr som må vaskast i tillegg, så det er egentlig ikkje så fort gjort 🤣 
.
Som de har forstått er ferien over og fruen er tilbake på jobb😍. Det vil seie at det blir full baksterunde på laurdag med eit godt utval av bollar, knutar, scones, granola, surdeigsknekkebrød, surdeigsbrød, ciabatta og rundstykke. Opningstiden framover vil vere frå kl. 10-14. 
.
Og så er det litt forskjellig sjokolade og marsipan til 40% som var til overs etter påsken 🐣
Nb: om du vil vere sikker på å få det du vil ha, er det berre å legge inn ei bestilling!
. 
Hjarteleg velkomne til eit ope og varmt bakeri på laurdag!🥨
Alt godt,
Fru Aarvik
.
#gjærbakst #surdeig #urkorn #kortreistmat #nytnorge #bærekraftigmat #bakst #hjemmebakt #økologisk #ektebrød #suntoggodt #sunnmat #baldersheim #aarvikgard #norskeråvarer #sourdough #fermentert #sourdoughbread #artisanbread #godmat #slowfood #realbread #langtidshevet #bjørnafjorden #renmat #matmedidentitet
Hei på dåke alle saman 🐣 På påskeaften er d Hei på dåke alle saman 🐣 På påskeaften er det igjen ope i bakeriutsalet her på Baldersheim frå 9-14. Det blir siste opningsdag før fruen i bakeriet tar ferie og då opner eg igjen den 17. April 🌞 På laurdag lagar eg absolutt alle bolle/knute sortane, rundstykker, ciabatta, scones, surdeigsknekkebrød, heimelaga granola med mykje nøtter, frø, havregryn, litt dadlar og rosiner, vaniljefrø m.m. Surdeigsbrøda; Utlebakken, Stovebakken, Smålhuset, Mjølhålo, Aarvik, Åkerleiet og Solvang. I tillegg har me dei nydelege påskeegga som er fylt opp med ulike konfektsjokoladar frå Jentene på tunet som har vunnet fleire internasjonale prisar for sine fantastisk gode sjokoladar og så har eg nydeleg god marsipan frå Mols organic med heile 60%mandlar (til samanlikning har dei vanligste marsipanene i Noreg 37% mandelinnhald), og dei brukar rårøyrsukker og honning som søtning 😍.
.
I tillegg har me tilbod om heimlevering på laurdag til dei som ikkje har moglegheit til å besøke sine nære og kjære her heime. Då har me laga til ein pakke med eit surdeigsbrød eller 4 rundstykker, samt 1 mandelknute og 1 pistasjknute saman med 1 påske-egg frå Jentene på tunet til 450kr. Dersom det er noko anna ein ynskjer i tillegg er det berre å gi meg ein lyd 🥰.
Alt godt,
Fru Aarvik
#surdeig #surdeigsbrød #urkorn #kortreistmat #nytnorge #bærekraftigmat #bakst #hjemmebakt #økologisk #ektebrød #suntoggodt #norway2day #sunnmat #baldersheim #aarvikgard #norskeråvarer #sourdough #fermentert #sourdoughbread #artisanbread #godmat #slowfood #realbread #langtidshevet #bjørnafjorden #renmat #matmedidentitet
I morgon, skjærtorsdag helde det vesle økologisk I morgon, skjærtorsdag helde det vesle økologiske bakeriet på Baldersheim ope frå kl. 10-14. Eg lagar brøda Steidn, Aarvik, Åkerleiet, Smålhuset, Mjølhålo, Låkastadlen, i tillegg blir det skulebollar, mandelknutar, pistasjknutar, palmekystens draum, skillingsbollar, scones og rundstykker. 
.
Brødet på bildet er Stovebakken med det fantastisk gode kveitemjølet frå Volda elektriske mylne @mylnavolda og er mørkere i fargen og så kan eg bruke ekstra mykje vatn når eg bakar dette brødet, heile 88% hydrasjon, men eg kunne nok brukt enda meir vatn om eg ville dersom eg hadde hatt tida til å kosebake i staden for 💛
.
 Det har vore ekstra hektiske dagar no når eg har lagt opp deigar til dagen etter, samtidig som eg har bakt ut og steikt til dagens baksterunde. Så det har nok sett litt kaotisk ut for dei kundane som var innom i går og i dag 😅 Men i morgon er det berre utbaking og steiking og då tenker eg at bakeriet skal sjå litt ryddigare ut 🤗 
Og tusen hjarteleg takk til alle som har vore innom dei siste dagane og tusen takk for tolmodet!! Eg er framleis ikkje heilt trent på å ha fleire dagar ope etterkvandre og det har vore ein utfordring å få til ein god arbeidsflyt. Men den som trener blir jo kanskje til slutt ein ekspert? 
Ha ein nydeleg flott påske! 🐣
Alt godt, Fru Aarvik 
.
#surdeig #surdeigsbrød #urkorn #kortreistmat #nytnorge #bærekraftigmat #bakst #hjemmebakt #økologisk #ektebrød #suntoggodt #norway2day #sunnmat #baldersheim #aarvikgard #norskeråvarer #sourdough #fermentert #sourdoughbread #artisanbread #godmat #slowfood #realbread #langtidshevet #bjørnafjorden #renmat #matmedidentitet
Til påskeveko er eg klar med mykje sunne, gode og Til påskeveko er eg klar med mykje sunne, gode og nybakte brød, boller og kringler  🥖🥨! I tillegg har eg begynt å lage surdeigsknekkebrød med blant anna spelt startar og svarthavre. Og så har eg jo begynt å lage granola med utgangspunkt i Berit Nordstrand sin supergode og sunne oppskrift, men eg har tilsatt litt valnøtter, vaniljefrø, dadler og rosiner i tillegg til alt det andre gode. Nokon av glasene er laga med glutenfrie havregryn og har kun glutenfrie ingredienser (men OBS, det kan likevel være spor av gluten!).
På bildet ser dåke litt av granolaen eg laga i går. Granolaen er lagt på glas frå @weck.no og inneholder nett over 5dl (250g). Dei er med gummiring og klips slik at dei skal vere heilt lufttett. Glasene kan du bruka om igjen til sylting, fermentering eller steike f.eks panna cotta i omnen. Dei er også fine å fryse ned rørte bær og anna i. Ta dei gjerne med neste gong du skal ha granola, så får du påfyll og slipper å betale for nye glas, men eg selger selvfølgelig i lausvekt også dersom du ikkje vil ha med glas!
.
På fredag lagar eg surdeigbrøda Mjølhålo, Aarvik og Åkerleiet, i tillegg har eg skillingsboller, skuleboller, mandelknutar, palmekystens draum og scones i tillegg til mykje digg påskegodt. OPNINGSTID: kl. 15.00-18.00
.
På laurdag har eg surdeigbrøda Solvang (spelt, emmer og einkorn ), Stovebakken (sikta kveite frå Mylnå i Volda), Aarvik (fint landkveite og litt spelt), Mjølhålo (halvgrovt, landkveite og svedjerug, ulike frø), Låkastadlen (halvgrovt landkveite og sammalt kveite, klemt spelt), Smålhuset (halvfint, sikta landkveite og valnøtter), Utlebakken (sammalt emmer og landkveite), påskebrød (heilt lik som julebrød), scones, palmekystens draum, mandelknutar, skuleboller, skillingsbollar, pistasjknuter, Ballese-rundstykker (fine med flaksalt). Husk å bestille dersom du vil vere sikker på å få det du ynskjer😊
OPNINGSTID: kl. 09.00-14.00
.
Eg har dessuten eit par nyheiter som kjem i bakeriet no på torsdag og fredag allereie, og det kjem bilde pluss litt informasjon når alt er på plass🐣🌞
Surdeigsknekkebrød, det blir ein liten smaksprøv Surdeigsknekkebrød, det blir ein liten smaksprøve på desse i morgon til dei av dykk som kjem innom bakeriet😍 Sunt og godt! Kan også hende at eg har litt smaksprøver på nye-kringlo også, me ser! Knekkebrøda er laga med utgangspunkt i @veslebakeri sin oppskrift som ho har lagt  ut på si flotte heimeside www.veslebakeri.com. Ho er utruleg flink å bake, og komponerer stadig nye oppskrifter. Det er virkelig kjekt å følge med på alt det ho får til i sitt vesle bakeri.
. 
Det som er så kjekt med å drive slike små bakerier, er at det er eit heilt samfunn av slike som oss på SOME og me inspirerer kvarandre, backer og heiar på kvarandre og tipsar kvarandre om lure ting. Sjølv om eg stort sett står åleine heile dagane så føler eg meg ikkje så einsom likevel på grunn av dei flotte menneskene eg har blitt kjent med ved hjelp av sosiale medier 🙏😍
Ps: for dei av dåke som digger surdeig og likar å bake med surdeig eller ynskjer å lære om surdeigsbaking er det berre å følge med på @veslebakeri og heimesida hennar! Og det finnes mange som henne som er veldig flink å dele informasjon og som holder kurs rundtomkring i landet, slik som @surdeigshimmelriket 🤩
.
#takknemlighet #surdeig #surdeigsknekkebrød #urkorn #kortreistmat #nytnorge #bærekraftigmat #bakst #hjemmebakt #økologisk #ektebrød #suntoggodt #sunnmat #baldersheim #aarvikgard #samarbeid  #norskeråvarer #sourdough #fermentert #artisanbread #godmat #slowfood #realbread #langtidshevet #bjørnafjorden #renmat #matmedidentitet
@hollimolle 
@okoland
@renmat
Hei på dåke alle! Til helgen er eg klar igjen me Hei på dåke alle! Til helgen er eg klar igjen med deilig bakst 🥖🥨 i bakeriet på Balderheim!
Her er eit bilde frå ein tidlig laurdag og ein av mine fine kundar og gode medhjelparen min Irene ekspederer 🥰
På laurdag har eg surdeigbrøda Solvang (spelt, emmer og einkorn ), Steidn (sammalt spelt og frø, heilt grovt)Aarvik (fint landkveite og litt spelt), Mjølhålo (halvgrovt, landkveite og svedjerug, ulike frø), Låkastadlen (halvgrovt landkveite og sammalt kveite, klemt spelt), Smålhuset (halvfint, sikta landkveite og valnøtter), scones, palmekystens draum, mandelknutar, skillingsbollar, pistasjknuter, Ballese-rundstykker (fine med flaksalt). Husk å bestille dersom du vil sikre deg det du ynskjer 😊 Hjarteleg velkomne! Ope frå kl. 10-13.00
Alt godt,
Fru Aarvik
Til våren ein vakker dag, skal det skje noko span Til våren ein vakker dag, skal det skje noko spanande i denne granskogen 🌲🌷🥨📸 Det er eit stunt og eit samarbeidsprosjekt med fleire driftige kvinner. Det er berre å vente i spenning! 🤩
#samarbeid #driftigefolk #økologisk #nature 
@dalahagen 
@mybespokelifestyle 
@fotovigdis 
.
.
@osogfusaposten
Noko av det som er så utruleg kjekt med å produs Noko av det som er så utruleg kjekt med å produsere lokalmat med lokale ingrediensar er at me faktisk kan ta ein søndagstur til Lygre livsgard  samtidig som me hentar egg til bakeriet mitt. Det er berre så kjekt å komme til Veronica og Dag sin livsgard inne i Lygre 😍. Det er noko der som får meg til å roe meg heilt ned og ta meg til ein behagelig plass der stresset berre forsvinner gradvis som tida går. Det er noko med atmosfæren, lukta, dyra, plassen og dei viktigste av alle; dei som driver garden; Veronica og Dag! Det å få helsa på dyra, klappa dei og hente litt egg sjølve med borna og ikkje minst få snakka med dei utruleg fine gode bøndene som virkelig tar seg av og bryr seg om dyra sine. Alt dette er med på å få meg til ein plass igjen der eg kjenner meg heime og trygg 🌿 og no gler eg meg til neste gong me får tida til å reise bortom🌞. Lygre livsgard er riktignok berre ein av mange produsentar som eg får råvarar frå, men når eg veit at alle eg får råvarar frå driver økologisk kjenner eg meg trygg på at dyra får det næringsrike fôret dei treng (ikkje kraftfôr og produsert uten sprøytevernmidlar) I tillegg produserar dei ikkje så mykje at kroppen blir raskt utslitt. Dei får leve ut sine naturlige instinkt på betre plass ute og inne ❤🐔 No har eg altså fått med meg heile 60 egg som skal bli til mykje god vaniljekrem til neste Reko-utlevering og neste helg i bakeriutsalet. 
#lygrelivsgard #aarvikgard #baldersheim #baldersheimbygd #bjørnafjorden #økologiskmat #økologisk #bakeri #bakst #vaniljekrem #søndagskos #gårdsliv #bærekraftigmat #instagood #instafood #norway2day #egg #høner
På laurdag blir det full fart i bakeriet igjen, o På laurdag blir det full fart i bakeriet igjen, og det kan sjå ut til at det blir ein ekstra travel laurdag 😅🤗! Dersom du vil sikre deg litt nybakt kan det vere lurt å legge inn ei bestilling, så får eg ein oversikt over kor mykje eg skal bake (men eg lagar sjølvsagt alltid ein del meir enn det som er bestilt også altså)🤩 Forrige helg vart ein veldig kjekk dag med mange besøkande. Og det er så fint at de er flinke til å ta hensyn til kvarandre og meg og passar på smittevern 🙏❤
.
Det blir smaksprøver på den nye kringla og det ser ut til at eg kan lage denne på bestilling allereie til helgen 🥨 På bildet er det rett før den går i omnen.
.
Det blir altså full pakke på laurdag med alle bolle/knute-sortane, scones, rundstykker, ciabatta. Surdeigsbrød: Mjølhålo, Solvang (spelt,  emmer, einkorn), Låkastadlen, Åkerleiet, Stovebakken (m kveite frå Mylnå i Volda) og Smålhuset (m valnøtter).

På torsdag har eg skillingsbollar, skulebollar, Palmekystens draum, mandelknutar og brøda; Mjølhålo, Stovebakken og Solvang.
.
VINTERFERIE OPNINGSTIDER:
Torsdag: 10-12
Laurdag: 10-14
.
Dersom du ynskjer noko utenom opningtidene kan du legge inn bestilling og så gjer eg det klart til avhenting i garasjen utenom opningstida. Eg har også litt assorterte brød og rundstykker i frysen til 30% rabatt for dei som ynskjer. 
.
Alt godt,
Fru Aarvik 🌾🌿

#surdeig #surdeigsbrød #urkorn #kortreistmat #nytnorge #bærekraftigmat #bakst #hjemmebakt #økologisk #ektebrød #suntoggodt #norway2day #sunnmat #baldersheim #aarvikgard #aarvik #norskeråvarer #sourdough #fermentert #sourdoughbread #artisanbread #godmat #slowfood #realbread #langtidshevet #bjørnafjorden #renmat #matmedidentitet
@hollimolle 
@okoland
@renmat
No har eg testa ut ein ny oppskrift til ei kringle No har eg testa ut ein ny oppskrift til ei kringle. Denne er fylt med malte mandlar saman med meierismør, kanel og rårøyrsukker. Eg har vurdert å blande inn finraspa eple også.. I tillegg er det vaniljekrem på toppen av kringlen😍 (elsker vaniljekrem!!) Det kan godt hende at eg fortsetter å lage denne, eller kva seier du? 
#kringle #dessert #fest #økologisk #baldersheim #baldersheimbygd #aarvik #aarvikgard #fruaarvik #bjørnafjorden #kosemat #bakverk #bakst #bakeri #handtverk #håndtverksbakeri
På laurdag blir det full fart i bakeriet igjen🌾🥨og det har kommet inn litt bestillingar allereie. Dersom du vil sikre deg litt nybakt i starten av vinterferien kan det vere lurt å legge inn ei bestilling, så får eg ein oversikt over kor mykje eg skal bake (men eg lagar sjølvsagt alltid ein del meir enn det som er bestilt også altså)🤩 Forrige helg gjekk eg tidleg tomt for det meste og det er ikkje alltid så lett å kalkulere mengden 😅 Sjølv om eg prøver å tenke på vær og vind og kor mange som kjem heim og kor mange som tar seg dagsturar til bakeriet🌞. 
.
Når det er sagt så blir det uansett full pakke på laurdag med alle bolle/knute-sortane, scones, rundstykker, ciabatta. Brød: Mjølhålo, Solvang, Aarvik, Låkastadlen, Åkerleiet, Utlebakken og Smålhuset.
.
I tillegg har eg begynt å lage granola, så her blir det litt smaksprøver å ta med heim til dei som kjem innom. I tillegg har eg smaksprøvar på sjokolade med mandel frå Summerbird organic frå Danmark
.
VINTERFERIE OPNINGSTIDER:
Laurdag: 10-14
Tirsdag: 10-12
Torsdag: 10-12
Laurdag: 10-14
.
Dersom du ynskjer noko utenom opningtidene kan du legge inn bestilling og så gjer eg det klart til avhenting i garasjen utenom opningstida. Eg har også litt assorterte brød og rundstykker i frysen til 30% rabatt for dei som ynskjer. 
.
Alt godt,
Fru Aarvik
Bestilling av nybakte brød til torsdag for dei so Bestilling av nybakte brød til torsdag for dei som ønsker! No er eg i full gong med å forberede meg til bakedagar i morgon og på torsdag, for då er det Rekoring utlevering i Samnanger igjen 😊 Til dei av dåke som bur i nærheten eller køyrer forbi på torsdag, så er det moglegheiter for å bestille med seg heim nybakte brød (åkerleiet på bildet - halvgrovt, Mjølhålo - halvgrovt m/frø, Smålhuset halvfint m/valnøtter, Aarvik -fint), rundstykker eller scones. (Eg har litt ledig kapasitet) Det kan hende eg har eit par bollar til overs også 😉 Gje ein lyd om kva du vil ha og så setter eg posen med varene ut på bordet i garasjen og så er det berre å vippse det som står på kvitteringen. Klart til avhenting frå kl. 14.00
Ha ein nydelig dag videre!
Alt godt, 
Fru Aarvik
Hei på dåke alle! Til helgen er eg altså klar i Hei på dåke alle! Til helgen er eg altså klar igjen med deilig bakst 🥖🥨 i bakeriet på Balderheim!
.
På laurdag har eg surdeigbrøda Solvang (spelt, emmer og einkorn ), Aarvik (fint landkveite og litt spelt), Mjølhålo som dåke ser på bildet, men i litt mindre format her 🌸 (halvgrovt, landkveite og svedjerug, ulike frø), Utlebakken (halvgrovt landkveite og emmer), Smålhuset (halvfint, sikta landkveite og valnøtter), scones, palmekystens draum, mandelknutar, skillingsbollar, pistasjknuter, Ballese-rundstykker (fine med flaksalt). Husk å bestille dersom du vil sikre deg det du ynskjer 😊

Nb: Eg kjeme ikkje til å ha fredagsope i dag grunna veldig lite interesse for det no når det er vinter. Det kan hende eg vil ha ope om fredagene når det blir vår og sommer igjen. Kjeme tilbake med informasjon når det blir aktuelt igjen. Men det vil bli fleire opningsdagar i vinterferien og påskeferien 😁
Husk at det framleis kun er mogleg med ein person inne av gongen i bakeriet 🙏
Sjåast i morgon!
Alt godt,
Fru Aarvik 
.
#surdeig #surdeigsbrød #urkorn #kortreistmat #nytnorge #bærekraftigmat #bakst #hjemmebakt #økologisk #ektebrød #suntoggodt #norway2day #sunnmat #baldersheim #aarvikgard #aarvik #norskeråvarer #sourdough #fermentert #sourdoughbread #artisanbread #godmat #slowfood #realbread #langtidshevet #bjørnafjorden #renmat #matmedidentitet
Gratulerer med dagen til alle våre mødre ❤ Dei Gratulerer med dagen til alle våre mødre ❤ Dei som har gitt oss livet, til dei som har fulgt oss i både glede, sorg, bekymringar, sakn og stor lykke. 
Dei som har laga god og næringsrik mat, som smurte matpakken, som fulgte oss på treningen, plasteret såret og trøstet når det ikkje gjekk som me hadde håpa. 
Takk for alle gode oppmuntringar og takk for tilsnakk som me heilt sikkert trengte. Takk for alle gode ord og støtte. Me er glade i dåke. 

Takk for at du orket å vaske, kjemme og flette mitt lange hår mamma (du hadde sikkert ikkje tid, sånn egentlig) og takk for kaffien og takk for at du er den sterke du er til tross for alt det vonde og tøffe du har gjennomgått på livets av og til humpete veg. Eg er glad i deg!

Me ynskjer dykk alle ein god dag ❤

Klem frå Ranita
Til helgen er det endelig morsdag og fastelaven ❤🦋 Eg gler meg veldig og det skal bli skikkelig kos! Eg har lagt ved litt bilder av det nye som har kommet til bakeriet denne veko. Eg tok diverre litt av når eg bestilte inn, for det såg så godt ut alt saman 😅! Og det må jo nesten bli litt smaksprøver også då. 
.
Siden det er fastelaven blir det mykje kveitebollar som du sjølv kan fylle med det du vil, men bestill for å vere sikker på å få!🥰 Ellers blir det endelig Mjølhålo igjen, for i dag kom mjølet frå Holli Mølle! I tillegg skal eg ha Åkerleiet, Aarvik, Utledalen, Låkastadlen. Av søtbakst blir det pistasjknutar, mandelknutar, skulebollar, scones, skillingsbollar og palmekystens draum. Gi meg ein lyd om du helst vil ha speltbollar, så kan eg lage det også!
.
På søndag tilbyr eg heimkjøring for dei som ynskjer å gi ein oppmerksomhet til mor. Eg veit det ikkje er alle som har moglegheit til å reise heim til sine kjære no. Du kan velge mellom 4 fine rundstykker eller eit fint brød, Utledalen, med hjarte på, i tillegg kan du velge enten 2 mandelknutar eller 2 pistasjknutar, og to valfrie flasker med juice/drikk (sjå bilde nr 5 for alternativer). Med pistasjknuter kostar det 260kr, med mandelknutar 240kr. I tillegg er det fritt fram for å velge kva type sjokolade/marsipan som skal i gaveposen. Eg har også handlaga og trykte kort om du ynskjer det. Gi meg ein lyd om du er interessert og ynskjer prisar 🥰 Eg leverer i Søre Fusa mellom kl. 10.00 og 12.00 på søndag. Ein kan også hente i bakeriet om ønskelig. Bestilling må vere på plass innen laurdag kl. 13.00. 
.
Husk å vere spesielt forsiktig framover og ta vare på kvarandre, slik at me alle helde oss friske og fine ❤
Ha ein nydelig ettermiddag vidare og så snakkast me plutselig!
Alt godt Fru Aarvik
.
#surdeig #surdeigsbrød #urkorn #kortreistmat #nytnorge #bærekraftigmat #bakst #hjemmebakt #økologisk #ektebrød #suntoggodt #norway2day #sunnmat #baldersheim #aarvikgard #aarvik  #norskeråvarer #sourdough #fermentert #sourdoughbread #artisanbread #godmat #slowfood #realbread #langtidshevet #bjørnafjorden #renmat #matmedidentitet
@hollimolle 
@renmat
På fredag frå kl. 15.00 til 18.00 er det igjen o På fredag frå kl. 15.00 til 18.00 er det igjen ope i bakeriet (det blir ikkje neste fredag pga Rekoring på torsdagen i Eikelandsosen) og så er det ope frå kl. 10 til 13.00 på laurdag. I morgon er det litt forskjellige brød og boller, mens på laurdag er det, det vanlege sortimentet av søtbakst og mange ulike surdeigsbrød 😊
.
Eg har diverre ikke Mjølhålo denne helgen, men eg får påfyll av nytt svedjerug og mykje anna godt mjøl frå @hollimolle på tirsdag! 
.
I morgon ettermiddag skal dåke også få veta kven som blir den heldige vinnaren av konkurransen og som skal få dela litt av premien sin med ein/ei kjær 💕 
Hjarteleg velkomne til ope bakeri i helga! Og husk at det er kun lov med ein person inne av gongen grunna lite lokale 😇
Alt godt,
Fru Aarvik
.
#surdeig #surdeigsbrød #urkorn #kortreistmat #nytnorge #bærekraftigmat #bakst #hjemmebakt #økologisk #ektebrød #suntoggodt #norway2day #sunnmat #baldersheim #aarvikgard #aarvik #norskeråvarer #sourdough #fermentert #sourdoughbread #artisanbread #godmat #slowfood #realbread #langtidshevet #bjørnafjorden #renmat
For eitt år sidan hadde eg min siste arbeidsdag h For eitt år sidan hadde eg min siste arbeidsdag hos min siste arbeidsgiver (for eg har planlagt å ikkje bli ansatt av andre enn meg sjølv igjen😍) 
.
Biletet her blei teken eit par dagar etter at eg vart sjølvstendig næringsdrivande. Den gongen var eg veldig spent oglitt usikker, men også utruleg lukkeleg over å ha tatt eit slikt val. Det var heilt riktig for meg, sjølv om eg gjekk ned i lønn og måtte jobba meir! Å drive økologisk var også eit riktig, viktig og eit verdibasert val for meg og den vesle bedrifta mi. Eg var/er overtydd om at mat som er laga etter økologiske prinsipp er bra for oss som menneske, men viktigaste av alt; for naturen som me er så heldig å få disponere🌍❤. Når me får lov å nytta naturen slik som me gjer, meiner eg også at det stiller krav til oss som produsentar og forbrukare. 
.
Eg har tenkt mykje over at i vanleg produksjon er det heilt "naturleg og naudsynt" med bruk av kjemisk-syntetiske sprøytemidlar, i tillegg til alle tilsetningsstoffar som nyttast for å få maten til å sjå fin ut, ha riktig konsistens og halda ut lengre, for då kjøper me det, ikkje sant?.. Mens i økologisk landbruk baserar ein seg på naturens samspel ved å ta vare på livet i jorda og mangfaldet av plantar, dyr og insektar🌻🐞🐝🦋. I tillegg nyttar ein seg av fornybare og lokale ressursar. For produksjonsdyra sin del betyr det at dei får større plass (ute og inne) og det er krav til tilrettelegging for deira naturlege behov🐐. 
.
Eg veit at det ikkje er smart å komme med sterke meiningar (når ein driver ein liten bedrift), men det er også dette som er ein del av drivkraften bak mitt vesle bakeri og utsalet, og det kan jo hende at det er kjekt å vite 😊. 
.
Eg er ein bitteliten dråpe i havet, men eg har SÅ lyst å utgjere ein forskjell, sjølv om den er enn så liten. Som mormor plar seie: Mange bekkar små gjer ein stor å. Ynskjer dåke alle ein så god dag som det er mulig ha🥰
Alt godt,
Fru Aarvik🌾
#renmat #økologisk #mittveslebakeri #organic #mat #bakst #urkorn #dyrkjorden #jordliv #engasjement #naturlig #utentilsetningsstoffer #økologi #drivkraft #meningenmedlivet #kjærlighet #bærekraftigmat #fremtiden #livlaga 
@renmat
@debio_norge
@okologiskbergen
@okologisknorge
Vinnaren av konkurransen vart @kathsoreid og venni Vinnaren av konkurransen vart @kathsoreid og venninnen hennas @vipsen06 GRATULERAR SÅ MYKJE TIL BEGGE TO 🍀 KONKURRANSE: Vil du vinne 2 herlege pistasjknuter, 2 mandelknuter med vaniljekrem og eit surdeigsbrød med valnøtter, Smålhuset (du kan velge eit anna brød også altså😊)? Då er det berre å like innlegget, tagg ein venn som du vil dele dette med (det kan også være din kjære eller ein i familien❤) og vipps så var det gjort! Den heldige vinnaren blir trukket ut på fredag og premien hentast i bakeriet på laurdag 06. Februar i opningstida kl.10.00-13.00. 
Konkurransen går både på Instagram og Facebook (det er lov å legge inn eit forsøk på begge sider🍀)
Ha ein nydeleg dag i det vakre vinterveret ❄
Alt godt,
Fru Aarvik
.
#surdeig #surdeigsbrød #søtbakst #gjærbakst #urkorn #kortreistmat #nytnorge #bærekraftigmat #bakst #hjemmebakt #økologisk #ektebrød #suntoggodt #norway2day #sunnmat #baldersheim #aarvikgard #fruaarvik #norskeråvarer #sourdough #fermentert #sourdoughbread #artisanbread #godmat #slowfood #realbread #langtidshevet #bjørnafjorden #renmat #matmedidentitet
Hei på dåke alle 🌞 Eg har fått litt tilbakem Hei på dåke alle 🌞 Eg har fått litt tilbakemeldingar på spørsmålet om opningstider. Det er litt variabelt kva folk ynskjer. Derfor skal me ha ope både fredag og laurdag i ein periode framover for å sjå kva som er best. Det kan også hende at dersom det er nok kundar at eg vil ha fast opningstid både fredag og laurdag framover 🥰 Dvs at frå fredag førstkommende vil me ha ope frå kl. 15.00 til 18.00. 
.
Eg er litt spent på korleis eg skal få kabalen til å gå opp, men eg skal gje det eit forsøk og sjå kva eg får til! 
.
På fredag blir det litt forskjellige bollar, Ballese-rundstykker, ulike surdeigsbrød og kanskje noko anna godt (eg ser kva eg rekker på). På laurdag bakar eg Utlebakken, Mjølhålo, Aarvik, Smålhuset, Stovebakken og Solvang. I tillegg har eg Ballese rundstykker, pistasjknutar, mandelknutar m/vaniljekrem, skulebollar, skillingsbollar, Palmekystens draum og scones. Det er altså berre å gle seg!
.
Filmen blei laga i forrige veke og speeda opp litegrande😅, og er frå forming av brødemne.
.
Opningstider frå og med fredag 29.01:
Fredag kl. 15.00-18.00
Laurdag kl. 10.00-13.00

Hjarteleg velkomne! 💕
Alt godt,
Fru Aarvik

#surdeig #surdeigsbrød #urkorn #kortreistmat #nytnorge #bærekraftigmat #bakst #hjemmebakt #økologisk #ektebrød #suntoggodt #norway2day #sunnmat #baldersheim #aarvikgard #aarvik #norskeråvarer #sourdough #fermentert #sourdoughbread #artisanbread #godmat #slowfood #realbread #langtidshevet #bjørnafjorden #renmat #matmedidentitet
@hollimolle
@renmat
Load More... Follow on Instagram

E-MAIL OG TELEFON
Tlf: 92 40 10 99 (Ranita)

post@fruaarvik.no

HER FINNER DU OSS
Kleppsvegen 36
5647 Baldersheim

SOSIALE MEDIA
Facebook
Instagram

KONTAKT OSS
Om oss
Kontakt oss

Design og utvikling: SHR Design - Silje H. Rangset __ Foto: Ranjeeta Styve Aarvik og Bjarte L. Haugland __ Personvernerklæring __ - powered by Enfold WordPress Theme
  • Facebook
  • Instagram
Scroll to top
This website uses cookies to improve your experience. We'll assume you're ok with this, but you can opt-out if you wish. Cookie settingsACCEPT
Privacy & Cookies Policy

Privacy Overview

This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary
Always Enabled

Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.

Non-necessary

Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.

SAVE & ACCEPT