OM FRU AARVIKS VESLE BAKERI OG KJØKENHAGE
Her kan du lesa litt om Fru Aarviks vesle bakeri og kjøkenhage. Kom til vakre Baldersheim og bli møtt av den nydelege dufta av nysteikte brød og bollar. Det vesle øko-bakeriet med det store hjartet for sunne råvarer både for jorda og deg. God bakst krever gode råvarer, men først og fremst tid, mykje tid og ein klype eller to med kjærleik.
OM OSS
Fru Aarviks vesle bakeri og kjøkenhage er eit sjarmerande og lite økologisk bakeri i den idylliske bygda Baldersheim, som ligg sør i Bjørnafjorden kommune. I tillegg til bakeri har me også ein kjøkenhage på garden Aarvik, og vil frå sommaren 2020 tilby grønsaker i sesong til sals. Bak Fru Aarviks vesle bakeri og kjøkenhage står Ranjeeta Styve Aarvik. Ranjeeta har ein stor lidenskap for gode, kortreiste kvalitetsråvarer og spesielt urkorn og andre gamle kornsortar.
Gode råvarer – godt resultat
I bakeriet brukar eg norske økologiske råvarer, ikkje berre fordi dei har særs høg kvalitet, men først og fremst fordi bøndene ikkje brukar sprøytevernmidlar og kunstgjødsel. Øko-bonden spelar på lag med naturen, og dermed sørger ho/han for å legge til rette for eit mykje større biologisk mangfald både over og under jorda enn ved konvensjonelt landbruk.
Urkorn var også eit naturleg val sjølv om bakeeigenskapane ikkje er like god som hos dei vidareforedla sortane. Til dømes så har gamle kveitesortar som einkorn, emmer og spelt svakare gluteninnhald i tillegg til å ha eit høgare innhald av dei viktige næringsstoffa samanlikna med moderne kveite.
VEGEN VIDARE
Med tid og stunder skal det vesle øko-bakeriet vårt flyttast ned i Aarvik i samband med at familien skal overta garden. Etterkvart kan det hende at me også vil ha open kafè og utsal om sommaren, i helgar og ved høgtider. Planen vår er også å ta i bruk fleire av dei gamle husa på garden og opne opp for folk slik at ein kan få eit innblikk i korleis folk budde på seint 17- og 1800 talet. Etterkvart tenkjer me også å tilby overnatting, naturopplevingar og aktivitetar på garden og i dei flotte nærområda.
KVIFOR SURDEIGSBRØD?
Å bake med surdeig har lange tradisjonar, heile 5000 år tilbake i tid, og er den opphavlege måten å bake brød på. Surdeigsbrød er eit sunnare alternativ enn gjærheva brød fordi surdeigsheva brød er lettare for kroppen å fordøye og gir eit betre næringsopptak.
Eit godt og sunt brød treng berre 3 ingrediensar: mjøl, vatn og salt. Men så er det jo kjekt og eksperimentera litt med bløytlagde nøtter, frø og heile korn i brøda også!
I alle surdeigsbrøda er det brukt surdeigsstartar som er basert på svedjerug og landkveite eller spelt. Sjølve bakeprosessen går over to dagar: Deigen blir sett på kvelden, og på morgonen dagen etter blir brøda steikt i steinomnar.
I ein surdeig oppstår heving på grunn av naturlege mjølkesyrebakteriar og villgjær som finst på kornet, og på denne måten kan me fermentere og heve deigen utan å tilsette gjær. Ein avgjerande faktor for å få gode og næringsrike brød er fyrst og fremst tid, MYKJE TID, for at surdeigen skal kunne få modnast i sitt eige tempo og dei gode smakane frå kornet skal få sette seg og gi brødet sitt særpreg.
Fermenteringsprosessen som oppstår i surdeigen fører til nedbryting av fytinsyre, eit anti-næringsstoff som finst naturlig i korn, nøtter og frø. Fytinsyre bind næringsstoff og viktige mineral og gjer dei utilgjengelege for oss i gjærheva brød og ubehandla frø og nøtter. Når fytinsyren blir brote ned fører det til eit betre næringsopptak og frigjer mineral slik at dei lettare kan bli tatt opp i tarmen.