Arrangementer

Kurs i surdeigsbaking med dekorering

Kurset passar godt for deg som likar å bake og som har lyst å prøve deg på surdeigsbakst eller vil lære deg meir om å bake med surdeig.
På dette kurset som omhandlar fermentering/surdeigsbakst og dekorering vil du få lære om korleis du kan bake med surdeig og ulike oppskrifter på brød. Du vil også få lære korleis du skal halda ved like startaren din og du vil få med ein startar basert på svedjerug og landhvete og ein startar basert på spelt – husk å ta med eigne glas til å ha startar i, f.eks reine syltetøyglas. Me kjem også til å snakka om dei ulike urkorn-sortane i tillegg til å ha praktisk baking, med dekorering heilt slutt og steiking i ovn. Du vil også få med deg din eigen deig som du kan steike heime i din eigen ovn. Kurset finn stad i Fru Aarviks vakre bakeri på Baldersheim.
Kurset startar med ein god lunsj og deretter litt informasjon før me startar å bake. Kurset varer i 4,5t og startar kl. 11.30
Maks 5 deltakarar på kvart kurs for at kvar einskild skal få god oppfølging undervegs.
Kurset inkluderer:
Praktisk opplæring i surdeigsbakst og vedlikehald av startar, du får med ulike bakverk heim, ein deig til å steike heime sjølv, 2 startarar og ein hevekorg.
Husk å ta med deg gode sko, forklede og eit kjøkenhandklede (bomull)
NB: dette er eit praktisk retta kurs.

Meld deg på her.